Johannes 19:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Pilatus tok no Jesus og lét dei piska han.

2. Soldatane fletta ei klungerkrone og sette på hovudet hans og hadde på han ei purpurkåpe.

3. Så steig dei fram for han og sa: «Ver helsa, jødekonge!» Og dei slo han i andletet.

4. På nytt gjekk Pilatus ut av borga og sa til folket: «No fører eg han ut til dykk, så de skal skjøna at eg ikkje finn skuld hos han.»

5. Så kom Jesus ut, med klungerkrona og purpurkåpa på. Og Pilatus seier til dei: «Sjå det mennesket!»

6. Men då overprestane og vaktmennene fekk sjå han, ropa dei: «Krossfest! Krossfest!» Pilatus seier til dei: «Ta de og krossfest han! Eg finn inga skuld hos han.»

7. Jødane svara: «Vi har ei lov, og etter lova er han skuldig til å døy fordi han har gjort seg sjølv til Guds Son.»

8. Då Pilatus høyrde det, vart han endå reddare.

9. Han gjekk inn att i borga og sa til Jesus: «Kvar er du ifrå?» Men Jesus gav han ikkje noko svar.

Johannes 19