Johannes 17:18-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Som du har sendt meg til verda, har eg sendt dei til verda.

19. Eg helgar meg for dei, så dei òg skal helgast i sanninga.

20. Eg bed ikkje berre for desse, men for alle dei som gjennom deira ord kjem til å tru på meg.

21. Eg bed at dei alle må vera eitt, slik du, Far, er i meg og eg i deg. Slik skal dei òg vera i oss, så verda skal tru at du har sendt meg.

22. Den herlegdomen som du har gjeve meg, har eg gjeve dei, så dei skal vera eitt slik som vi er eitt:

Johannes 17