Johannes 16:5-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. No går eg til han som har sendt meg, men ingen av dykk spør: ‘Kvar går du?’

6. For hjartet dykkar er fullt av sorg fordi eg har sagt dette.

7. Men eg seier dykk som sant er: Det er det beste for dykk at eg går bort. For går ikkje eg bort, kjem ikkje Talsmannen til dykk. Men går eg bort, skal eg senda han til dykk.

8. Og når han kjem, skal han gå i rette med verda og visa henne kva synd er, kva rettferd er, og kva dom er:

9. Synda er at dei ikkje trur på meg.

Johannes 16