1. Dette har eg sagt dykk så de ikkje skal førast til fall.
2. Dei skal støyta dykk ut av synagogen. Ja, det kjem ei tid då kvar den som slår dykk i hel, trur han gjer Gud ei teneste.
3. Og alt det gjer dei fordi dei korkje kjenner Far min eller meg.
4. Dette har eg sagt dykk slik at de, når deira tid kjem, skal hugsa at eg sa det til dykk.Eg sa ikkje dette til dykk frå først av, for då var eg hos dykk.
5. No går eg til han som har sendt meg, men ingen av dykk spør: ‘Kvar går du?’
6. For hjartet dykkar er fullt av sorg fordi eg har sagt dette.
7. Men eg seier dykk som sant er: Det er det beste for dykk at eg går bort. For går ikkje eg bort, kjem ikkje Talsmannen til dykk. Men går eg bort, skal eg senda han til dykk.