36. Tru på lyset så lenge de har lyset, så de kan bli born av lyset.» Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han bort og løynde seg for dei.
37. Endå han hadde gjort så mange teikn for auga deira, trudde dei ikkje på han.
38. For det skulle bli oppfylt, det ordet som profeten Jesaja har tala: Herre, kven trudde bodskapen vår, kven vart Herrens arm openberra for?
39. Dei kunne ikkje tru, for ein annan stad seier Jesaja:
40. Han har gjort auga deira blinde og hjartet deira hardt, så dei ikkje skal sjå med auga og skjøna med hjartet og venda om, så eg får lækja dei.
41. Dette sa Jesaja fordi han såg Jesu herlegdom og tala om Jesus.
42. Likevel var det mange som tok til å tru på han, til og med av rådsherrane. Men på grunn av farisearane ville dei ikkje vedkjenna seg dette, så dei ikkje skulle bli utstøytte av synagogen.
43. For dei elska æra frå menneska høgare enn æra frå Gud.
44. Men Jesus ropa ut: «Den som trur på meg, trur ikkje på meg, men på han som har sendt meg.
45. Og den som ser meg, ser han som har sendt meg.
46. Som lys er eg komen til verda, så ingen som trur på meg, skal bli verande i mørkret.
47. Den som høyrer orda mine og ikkje tek vare på dei, dømmer ikkje eg. For eg er ikkje komen for å dømma verda, men for å frelsa verda.
48. Den som seier nei til meg og ikkje tek imot orda mine, har ein dommar over seg: Det ordet eg har tala, skal dømma han på den siste dagen.
49. For eg har ikkje tala ut frå meg sjølv; men Far som har sendt meg, har gjeve meg påbod om kva eg skal seia, og kva eg skal tala.
50. Og eg veit at hans påbod er evig liv. Det eg seier, det seier eg slik Far har sagt meg det.»