Johannes 11:21-34 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Marta sa til Jesus: «Herre, hadde du vore her, så hadde ikkje bror min døydd.

22. Men no òg veit eg at alt det du bed Gud om, vil han gje deg.»

23. «Bror din skal stå opp att», seier Jesus.

24. «Eg veit at han skal stå opp att når alle står opp på den siste dagen», svara Marta.

25. Då sa Jesus til henne: «Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr.

26. Og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æve ikkje døy. Trur du det?»

27. «Ja, Herre», seier ho, «eg trur at du er Messias, Guds Son, han som skal koma til verda.»

28. Då ho hadde sagt dette, gjekk ho og kalla i løynd på Maria, syster si, og sa til henne: «Meisteren er her og spør etter deg.»

29. Då Maria høyrde det, reiste ho seg straks og gjekk ut til han.

30. Jesus var endå ikkje komen inn i landsbyen; han var framleis der Marta hadde møtt han.

31. Dei jødane som var heime hos Maria og trøysta henne, såg at ho brått reiste seg og gjekk ut, og dei følgde etter; dei tenkte at ho gjekk ut til grava og ville gråta der.

32. Som no Maria kom dit Jesus var, og fekk sjå han, kasta ho seg ned for føtene hans og sa: «Herre, hadde du vore her, hadde ikkje bror min døydd.»

33. Då Jesus såg at dei gret, både ho og alle jødane som følgde henne, vart han oppskaka og opprørt i sitt indre,

34. og han sa: «Kvar har de lagt han?» «Kom og sjå, Herre», svara dei.

Johannes 11