Johannes 11:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ein mann som heitte Lasarus, låg sjuk. Han var frå Betania, den byen som Maria og Marta, syster hennar, budde i.

2. Det var Maria som hadde salva Herren med olje og tørka føtene hans med håret sitt. Lasarus, som låg sjuk, var bror hennar.

3. Systrene sende då bod til Jesus og sa: «Herre, han som du er så glad i, er sjuk.»

4. Då Jesus høyrde det, sa han: «Denne sjukdomen fører ikkje til døden. Nei, han er til Guds ære; han skal herleggjera Guds Son.»

5. Jesus var svært glad i Marta og syster hennar og Lasarus.

6. Då han no høyrde at Lasarus låg sjuk, vart han verande endå to dagar der han var.

7. Då først sa han til læresveinane: «Kom, lat oss dra tilbake til Judea.»

8. «Rabbi», sa dei, «no nettopp ville jødane steina deg, og så dreg du dit på nytt?»

9. Jesus svara: «Har ikkje dagen tolv timar? Den som går om dagen, snublar ikkje, for han ser lyset i denne verda.

Johannes 11