4. Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene følgjer han, for dei kjenner røysta hans.
5. Men ein framand vil dei ikkje følgja. Dei rømmer frå han, for dei kjenner ikkje røysta til den framande.»
6. Denne likninga fortalde Jesus dei, men dei skjøna ikkje kva han meinte.
7. Då sa Jesus: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Eg er porten inn til sauene.
8. Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar, men sauene høyrde ikkje på dei.
9. Eg er porten. Den som går inn gjennom meg, skal bli frelst og fritt gå inn og ut og finna beite.
10. Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øydeleggja. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.