Johannes' Openberring 7:1-3 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Deretter såg eg fire englar som stod på dei fire verdshjørna og heldt dei fire vindane på jorda, så det ikkje skulle blåsa nokon vind over jorda eller havet eller trea.

2. Og eg såg ein annan engel. Han steig fram i aust, der sola ris, og bar den levande Guds segl. Med høg røyst ropa han til dei fire englane som hadde fått makt til å føra skade over jorda og havet:

3. «Rør ikkje jorda eller havet eller trea før vi har merkt vår Guds tenarar med segl på panna.»

Johannes' Openberring 7