Johannes' Openberring 3:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Skriv til engelen for forsamlinga i Sardes:Dette seier han som har dei sju Guds ånder og dei sju stjernene: Eg veit om gjerningane dine! Det heiter om deg at du lever, men du er død.

2. Vakn opp og styrk det som er att, og som held på å døy! For eg har funne at gjerningane dine ikkje held mål for min Gud.

3. Kom difor i hug kva du tok imot og høyrde! Hald fast på det og vend om! Men om du ikkje vaknar, skal eg koma som ein tjuv, og du skal ikkje vita kva time eg kjem over deg.

4. Men du har nokre få i Sardes som ikkje har skitna til kleda sine. Og dei skal gå med meg i kvite klede, for dei er verdige til det.

5. Den som sigrar, skal bli kledd i kvite klede, og eg skal aldri stryka namnet hans ut av livsens bok, men kjennast ved namnet hans for Far min og englane hans.

6. Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane!

Johannes' Openberring 3