1. Og eg såg ein engel stiga ned frå himmelen. I handa hadde han nøkkelen til avgrunnen og ei stor lenkje.
2. Han greip draken, den gamle slangen, som er djevelen og Satan, og batt han for tusen år.
3. Engelen kasta han i avgrunnen, låste att og sette segl over, så han ikkje lenger skulle forføra folka, ikkje før dei tusen åra var omme. Etter det skal han sleppast laus ei kort tid.
4. Og eg såg troner, og nokre sette seg på dei, og dei fekk makt til å halda dom. Og eg såg sjelene til dei som hadde vorte halshogne på grunn av Jesu vitnemål og Guds ord, dei som ikkje hadde tilbede dyret eller biletet av dyret, og ikkje teke mot merket på panna eller handa. Dei vart levande att og herska som kongar saman med Kristus i tusen år.
5. Men dei andre døde vart ikkje levande før dei tusen åra var gått. Dette er den første oppstoda.
6. Sæl og heilag er den som får ta del i den første oppstoda. Over dei har den andre døden inga makt. Dei skal vera Guds og Kristi prestar og herska som kongar med han i tusen år.