Johannes' Openberring 19:1-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Etter dette høyrde eg noko som likna eit mektig kor frå ein stor skare i himmelen. Dei song:Halleluja!Sigeren og æra og makta tilhøyrer vår Gud,

2. for sanne og rettferdige er hans dommar.Han har dømt den store hora,ho som øydela jorda med horeriet sitt,og blodet av tenarane sinehar han kravd av hennar hand.

3. Endå ein gong ropa dei:Halleluja!Røyken frå henne stig opp i all æve.

4. Dei tjuefire eldste og dei fire skapningane kasta seg ned og tilbad Gud som sit på trona, og sa:«Amen. Halleluja!»

5. Og frå trona kom det ei røyst som sa:«Lova vår Gud, alle hans tenarar,de som ottast han, små og store!»

6. Då var det som eg høyrde lyden av ein stor skare, eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterke toreslag. Dei ropa:«Halleluja!Herren vår Gud, Den allmektige,har vorte konge!

7. Lat oss gleda oss og jubla og gje han æra!For tida er komen då Lammet skal halda bryllaup.Brura har gjort seg klar,

8. og det er gjeve henne ei drakt av skinande reint lin.»Linet er dei rettferdige gjerningane til dei heilage.

9. Og han seier til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet hos Lammet.» Og han sa: «Dette er Guds sanne ord.»

10. Eg kasta meg ned for føtene hans og ville tilbe han. Men han seier til meg: «Gjer ikkje det! Eg er ein tenar liksom du og syskena dine, dei som har Jesu vitnemål. Gud skal du tilbe!» Jesu vitnemål er Anden i profetordet.

11. Og eg såg himmelen open, og sjå! – ein kvit hest. Og han som sat på hesten, heiter Trufast og Sannferdig, for han dømmer og strider med rettferd.

12. Auga hans er som logande eld, på hovudet har han mange kroner, og han har eit namn innskrive som ingen kjenner utan han.

Johannes' Openberring 19