9. og menneska vart svidde i sterk hete. Likevel spotta dei Guds namn, han som har makt over desse plagene, og dei vende ikkje om og gav Gud ære.
10. Den femte engelen tømde si skål ut over trona til dyret. Då vart riket til dyret lagt i mørker, og folk beit seg i tunga av pine.
11. Men dei spotta Gud i himmelen for pinene og byllane sine, og dei vende ikkje om frå sine gjerningar.
12. Den sjette engelen tømde si skål i den store elva Eufrat. Då tørka vatnet i elva bort, så det kunne ryddast veg for kongane frå Austerland.
13. Og eg såg at det kom tre ureine ånder ut or gapet på draken og or gapet på dyret og or munnen på den falske profeten; dei likna froskar.
14. Dette er demoniske ånder som gjer under og teikn, og dei går ut til kongane i heile verda og vil samla dei til krigen på Guds, Den allmektiges store dag.