10. skal drikka av Guds vreidevin som er skjenkt ublanda i hans harmes skål, og pinast med eld og svovel for auga på dei heilage englane og Lammet.
11. Røyken frå pina deira stig opp i all æve, og dei har ikkje ro natt eller dag, desse som tilbed dyret og biletet av det, og alle som tek namnet til dyret som merke.»
12. Her må dei heilage halda ut, dei som held seg til Guds bod og trua på Jesus.
13. Frå himmelen høyrde eg ei røyst som sa: «Skriv: Sæle er dei døde som heretter døyr i Herren. Ja, seier Anden, dei skal få kvila frå strevet sitt, for gjerningane deira følgjer med dei.»
14. Og eg såg, og sjå! – ei kvit sky, og på skya sat det ein som var lik ein menneskeson. Han hadde ein krans av gull på hovudet og ein skarp sigd i handa.
15. Og ein annan engel kom ut frå tempelet og ropa med høg røyst til han som sat på skya:«Lyft sigden din og haust inn!For tida er komen for å hausta,og grøda på jorda er fullmogen.»
16. Og han som sat på skya, lét sigden fara over jorda, og jorda vart hausta.
17. Då kom det endå ein engel ut frå tempelet i himmelen; han òg hadde ein skarp sigd.
18. Så kom det ein annan engel frå altaret. Han hadde makt over elden og ropa med høg røyst til engelen som hadde den skarpe sigden: «Send ut den skarpe sigden din og haust inn drueklasane frå vinmarka på jorda, for no er druene mogne!»
19. Og engelen lét sigden fara over jorda, hausta druene frå vinmarka på jorda og kasta dei i den store vinpressa, som er Guds vreide.
20. Utanfor byen vart vinpressa trødd, og blodet rann frå vinpressa så det stod opp til bekselet på hestane 1600 stadiar borte.