1. Og eg såg eit dyr stiga opp av havet. Det hadde ti horn og sju hovud og ti kroner på horna. På hovuda stod namn som var ein spott mot Gud.
2. Dyret eg såg, var likt ein leopard, men det hadde føter som ein bjørn og gap som ei løve. Draken gav dyret si kraft og si trone og stor makt.
3. Eitt av hovuda på dyret såg ut som om det hadde fått banesår, men det dødelege såret vart lækt.Heile verda undra seg over dyret og følgde det.
4. Folk tilbad draken fordi han hadde gjeve dyret makt, og dei tilbad dyret og sa: «Kven er som dyret, og kven kan strida mot det?»
5. Det vart gjeve dyret ein munn som kunne tala store og spottande ord, og det fekk makt til å halda på i 42 månader.
6. Då opna det munnen for å spotta Gud, og det tok til å håna namnet hans og bustaden hans og dei som bur i himmelen.
7. Det fekk lov til å føra krig mot dei heilage og vinna over dei, og det fekk makt over alle stammar og folk, tungemål og folkeslag.
8. Og alle som bur på jorda, skal tilbe dyret, alle som heilt frå verda vart grunnlagd, ikkje har fått namnet sitt skrive i livsens bok hos Lammet som vart slakta.
9. Den som har øyre, høyr!
10. Den som skal i fangenskap, må gå i fangenskap. Den som skal drepast med sverd, må døy for sverd.Her må dei heilage halda ut og ha tru.
11. Og eg såg eit anna dyr stiga opp av jorda. Det hadde to horn som eit lam, men tala som ein drake.
12. All den makt det første dyret har, bruker det andre dyret i teneste for det første. Det får heile jorda og dei som bur der, til å tilbe det første dyret – det som hadde fått banesåret sitt lækt.
13. Det gjer store teikn, så det endå lèt eld frå himmelen fara ned på jorda midt for auga på folk.