Johannes' Openberring 12:4-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Halen hans drog med seg tredjedelen av stjernene på himmelen og kasta dei ned på jorda. Draken stilte seg framfor kvinna som skulle føda, for å sluka barnet så snart det var fødd.

5. Då fødde ho eit gutebarn som ein gong skal styra alle folkeslag med jernstav. Og barnet vart rykt opp til Gud, til hans trone.

6. Men kvinna rømde ut i øydemarka, til ein stad som Gud hadde laga til for henne, og der skulle ho i 1260 dagar få den føda ho trong.

7. Då braut det ut krig i himmelen: Mikael og englane hans gjekk til krig mot draken. Draken kjempa saman med englane sine,

8. men dei vart overvunne, og det fanst ikkje lenger rom for dei i himmelen.

Johannes' Openberring 12