Johannes' Openberring 10:6-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. og svor ved han som lever i all æve, han som skapte himmelen og alt som finst der, og jorda og alt som finst der, og havet og alt som finst der: «Tida er ute.

7. Men når den sjuande engelen lèt basunen lyda, i dei dagane skal Guds mysterium vera fullført, slik han kunngjorde for tenarane sine, profetane.»

8. Den røysta eg hadde høyrt frå himmelen, tala igjen til meg: «Gå bort og ta den opne boka frå handa til engelen som står på havet og på jorda.»

9. Då gjekk eg bort til engelen og sa til han: «Gjev meg den vesle bokrullen.» Han sa til meg: «Ta bokrullen og et han! Han skal svi i magen din, men i munnen din skal han vera søt som honning.»

10. Så tok eg den vesle bokrullen ut av handa på engelen og åt han, og i munnen var han søt som honning, men då eg hadde svelgt han, sveid det i magen.

11. Då vart det sagt til meg: «Endå ein gong skal du tala profetord mot folk og folkeslag og tungemål og mot mange kongar.»

Johannes' Openberring 10