7. Sjå, han kjem med skyene,og kvart auge skal sjå han,også dei som har gjennomstunge han,og alle folkeslag på jorda skal bryta ut i klagerop over han.Ja, amen!
8. Eg er Alfa og Omega, seier Herren Gud, han som er og som var og som kjem, Den allmektige.
9. Eg, Johannes, som er bror dykkar og saman med dykk har del i trengslene, i riket og vona i Jesus, eg var på øya Patmos. Dit var eg komen på grunn av Guds ord og vitnemålet om Jesus.
10. På Herrens dag kom Anden over meg, og eg høyrde ei røyst bak meg, sterk som ein basun.
11. Røysta sa: «Det du får sjå, skal du skriva ned i ei bok og senda til dei sju forsamlingane: til Efesos, Smyrna, Pergamon, Tyatira, Sardes, Filadelfia og Laodikea.»
12. Eg snudde meg for å sjå kven det var som tala til meg. Då såg eg sju lysestakar av gull,
13. og midt mellom lysestakane ein som var lik ein menneskeson, kledd i fotsid kappe og med eit gullbelte under bringa.
14. Hovudet og håret hans var kvitt som kvit ull eller som snø, og auga som logande eld,
15. føtene var som bronse, glødd i omnen, og røysta lydde som bruset av veldige vassmengder.
16. I si høgre hand hadde han sju stjerner, og frå munnen hans gjekk det ut eit skarpt, tvieggja sverd. Andletet var som sola når ho skin i all si kraft.