5. og frå Jesus Kristus, det truverdige vitnet, den førstefødde av dei døde og herren over kongane på jorda. Han som elskar oss og har fria oss frå syndene våre med sitt blod
6. og har gjort oss til eit kongerike, til prestar for Gud, sin Far, han skal ha æra og makta i all æve. Amen.
7. Sjå, han kjem med skyene,og kvart auge skal sjå han,også dei som har gjennomstunge han,og alle folkeslag på jorda skal bryta ut i klagerop over han.Ja, amen!
8. Eg er Alfa og Omega, seier Herren Gud, han som er og som var og som kjem, Den allmektige.
9. Eg, Johannes, som er bror dykkar og saman med dykk har del i trengslene, i riket og vona i Jesus, eg var på øya Patmos. Dit var eg komen på grunn av Guds ord og vitnemålet om Jesus.
10. På Herrens dag kom Anden over meg, og eg høyrde ei røyst bak meg, sterk som ein basun.
11. Røysta sa: «Det du får sjå, skal du skriva ned i ei bok og senda til dei sju forsamlingane: til Efesos, Smyrna, Pergamon, Tyatira, Sardes, Filadelfia og Laodikea.»