Joel 3:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ein gong skal det hendaat eg auser ut min Ande over alle menneske.Sønene og døtrene dykkar skal profetera,dei gamle skal drøyma draumar,og dei unge skal sjå syn.

2. Sjølv over slavar og slavekvinnervil eg ausa ut min Ande i dei dagane.

3. Eg set varselpå himmel og jord,blod og eld og røyksøyler.

4. Sola blir omskapt til mørkerog månen til blodfør Herrens dag kjem, den store og skremmande.

5. Då skal kvar den som kallar på Herrens namn, bli berga.For på Sion-fjellet og i Jerusalemskal det finnast berging,som Herren har sagt.Og mellom dei overlevandeer dei som Herren kallar.

Joel 3