Joel 2:3-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Elden et opp framfor dei,og etter dei sleikjer flammen,landet framfor dei er som Edens hage,etter dei er ein aud ørken,ingen slepp unna.

4. Som hestar er dei å sjå til,som hingstar spring dei fram,

5. som krigsvogner over fjellaskramlar dei fram,lik eld som sprakar i halmen,lik eit sterkt folk rusta til krig.

6. Folkeslag skjelv for dei,kvart andlet blir raudt.

7. Som krigarar rusar dei fram,som stridsmenn stormar dei murar.Kvar mann går strake vegen framog bøyer ikkje av frå stigen.

8. Dei pressar ikkje kvarandre bort,kvar mann held sin plass,mellom kastespyd rusar dei framog lèt seg ikkje stansa.

9. Dei fer inn i byen,dei stormar opp på muren,dei trengjer inn i husa,gjennom vindauga går dei som tjuvar.

10. Jorda skjelv framfor dei,og himmelen rister.Sol og måne svartnar,og stjernene mistar sin glans.

11. Herren hevar røysta framfor sin hær,for veldig er hæren hans,og mektige er dei som lyder hans ord.Ja, stor og skremmande er Herrens dag,kven kan halda han ut?

12. Men sjølv no, seier Herren,vend om til meg av heile dykkar hjarte,med faste og gråt og klage.

13. Riv hjartet sund, ikkje kleda!Vend om til Herren dykkar Gud!For han er nådig og mild,sein til vreide og rik på miskunn,og han kan angra på ulukka.

14. Kven veit om han vender om og angrarog legg velsigning etter seg– grødeoffer og drikkoffer for Herren dykkar Gud.

15. Blås i horn på Sion,rop ut ei heilag faste,kunngjer høgtidssamling!

16. Kall folket saman,helga forsamlinga!Lat dei gamle samlast,og lat småborn og spedborn koma saman.Lat brudgomen gå ut frå sitt romog brura ut frå sitt kammer!

17. Mellom forhall og altarskal prestane, Herrens tenarar,gråta og seia:«Herre, spar ditt folk,gjer ikkje din eigedom til spottså folkeslag får rå over dei!Kvifor skal dei seia mellom folka:Kvar er deira Gud?»

18. Då vart Herren fylt av lidenskap for sitt landog viste medkjensle med folket sitt.

19. Og Herren svara sitt folk:Sjå, eg vil senda dykk korn, ny vin og fin oljeså de kan bli mette.Aldri meir skal eg gjera dykktil spott mellom folka.

20. Fienden frå nordvil eg driva langt bort frå dykkog jaga til eit tørt og audt land,hans fortropp til havet i aust,hans baktropp til havet i vest.Stanken av han skal stiga opp,den vonde lukta hans skal stiga opp.Ja, storverk har han gjort.

21. Ver ikkje redd, du åkerjord,fryd deg og ver glad!For Herren har gjort storverk.

Joel 2