12. Men sjølv no, seier Herren,vend om til meg av heile dykkar hjarte,med faste og gråt og klage.
13. Riv hjartet sund, ikkje kleda!Vend om til Herren dykkar Gud!For han er nådig og mild,sein til vreide og rik på miskunn,og han kan angra på ulukka.
14. Kven veit om han vender om og angrarog legg velsigning etter seg– grødeoffer og drikkoffer for Herren dykkar Gud.
15. Blås i horn på Sion,rop ut ei heilag faste,kunngjer høgtidssamling!
16. Kall folket saman,helga forsamlinga!Lat dei gamle samlast,og lat småborn og spedborn koma saman.Lat brudgomen gå ut frå sitt romog brura ut frå sitt kammer!
17. Mellom forhall og altarskal prestane, Herrens tenarar,gråta og seia:«Herre, spar ditt folk,gjer ikkje din eigedom til spottså folkeslag får rå over dei!Kvifor skal dei seia mellom folka:Kvar er deira Gud?»
18. Då vart Herren fylt av lidenskap for sitt landog viste medkjensle med folket sitt.
19. Og Herren svara sitt folk:Sjå, eg vil senda dykk korn, ny vin og fin oljeså de kan bli mette.Aldri meir skal eg gjera dykktil spott mellom folka.
20. Fienden frå nordvil eg driva langt bort frå dykkog jaga til eit tørt og audt land,hans fortropp til havet i aust,hans baktropp til havet i vest.Stanken av han skal stiga opp,den vonde lukta hans skal stiga opp.Ja, storverk har han gjort.
21. Ver ikkje redd, du åkerjord,fryd deg og ver glad!For Herren har gjort storverk.
22. Ver ikkje redde, de dyr på marka,for beita i øydemarka grønkastog trea gjev si frukt,fikentre og vinstokk ber rikt.
23. Fryd dykk, Sions born,gled dykk i Herren dykkar Gud!For han gjev dykk regn i rett tid,han lèt regnet falla som før,både haust og vår.