1. Blås i horn på Sionog lyft hærrop på mitt heilage fjellså alle i landet skjelv!For Herrens dag kjem, han er nær,
2. ein dag med mørker og dimme,ein dag med skyer og skodde.Eit stort og mektig folk breier seg utsom morgonròden over fjellet.Det har aldri hatt sin like i tider som var,og vil aldri få det i år som kjem,så lenge slekt følgjer slekt.
3. Elden et opp framfor dei,og etter dei sleikjer flammen,landet framfor dei er som Edens hage,etter dei er ein aud ørken,ingen slepp unna.
4. Som hestar er dei å sjå til,som hingstar spring dei fram,
5. som krigsvogner over fjellaskramlar dei fram,lik eld som sprakar i halmen,lik eit sterkt folk rusta til krig.
6. Folkeslag skjelv for dei,kvart andlet blir raudt.
7. Som krigarar rusar dei fram,som stridsmenn stormar dei murar.Kvar mann går strake vegen framog bøyer ikkje av frå stigen.
8. Dei pressar ikkje kvarandre bort,kvar mann held sin plass,mellom kastespyd rusar dei framog lèt seg ikkje stansa.