20. Sjølv om eg har rett, erklærer min munn meg skuldig.Er eg uskuldig, dømmer han meg som falsk.
21. Eg er uskuldig, men kjennest ikkje ved meg sjølv,eg foraktar mitt eige liv.
22. Det går ut på eitt. Difor seier eg:Uskuldig eller skuldig – han utslettar begge.
23. Han sender ein flaum av brå død,spottar når uskuldige fortvilar.
24. Jorda er lagd i handa til den lovlause.Han dekkjer auga til dei som feller dommar.Om det ikkje er han, kven er det då?
25. Dagane mine går fortare enn nokon kan springa.Dei flyg av stad utan glimt av glede.
26. Dei fer i veg som sivbåtar,som ei ørn når ho stuper mot byttet.
27. Eg seier til meg sjølv: «Gløym klaga,lyft hovudet og ver glad!»
28. Likevel fryktar eg smertene,eg veit at du ikkje frikjenner meg.
29. Eg blir jo dømd skuldig,kvifor då streva til inga nytte?
30. Om eg vaska meg i snøvatnog reinsa hendene med lut,
31. kastar du meg i gjørmegravaså kleda mine avskyr meg.
32. Ja, han er ikkje eit menneske som eg,så eg kan gje han svarog vi kan møtast i retten.
33. Det finst ingen dommarsom kan leggja handa på oss begge.
34. Heldt han kjeppen sin borte frå megså redslene hans ikkje skremde meg,