Job 7:3-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Månader i det tomme vart min lott,netter med liding min lagnad.

4. Så snart eg legg meg, spør eg:«Når kan eg stå opp?»Natta blir lang,til det lysnar, er eg full av uro.

5. Kroppen er dekt med makk og sårskorper.Støvet gror fast i huda, og det verkjer.

6. Dagane går fortare enn ein vevskyttel,dei går til ende utan håp.

7. Hugs at livet mitt er ein pust!Aldri meir får eg sjå lukke.

8. Auget som vaktar meg, ser meg ikkje lenger.Retter du auga mot meg, er eg der ikkje.

9. Ei sky løyser seg opp og kverv,og den som fer ned til dødsriket, stig aldri opp.

Job 7