Job 6:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då tok Job til ords og sa:

2. Å, om mi uro kunne vegastog leggjast i vektskåla med mi sorg!

3. For no er dei tyngre enn havsens sand;difor talar eg utan å tenkja.

4. Piler frå Den veldige sit i kroppen,gifta deira tek mi kraft;redsler frå Gud samlar seg mot meg.

5. Skrik vel eit villesel som beiter i graset,rautar ein okse når han har fôr?

6. Kven et smaklaus mat utan salt?Smakar det noko av stokkrosesaft?

7. Det byd meg imot å røra ved slikt,det er som å eta utskjemd mat.

8. Om berre bøna mi vart høyrd,om Gud ville oppfylla mitt håp!

9. Om han berre ville knusa meg,lyfta handa si og gjera ende på meg!

Job 6