Job 5:11-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Han reiser dei nedbøygde opp,reddar og tryggjar dei sørgjande.

12. Han knuser planane til dei listige,deira verk lukkast ikkje.

13. Han fangar dei vise i deira list,snedige planar er forhasta.

14. Om dagen møter dei mørker,ved middagstid famlar dei som om natta.

15. Så reddar han den fattigefrå dei mektiges sverd, munn og hender.

16. Då blir det håp for den svake.Vondskapen lèt att sin munn.

17. Sæl er den som Gud viser til rette.Du skal ikkje forakta formaning frå Den veldige!

18. For han sårar, og han bind om såra.Han knuser, og hans hand lækjer.

19. Gjennom seks trengsler bergar han deg,og i den sjuande skal ulukka ikkje nå deg.

20. I uår friar han deg frå dødenog i krig frå kvasse sverd.

21. Du er trygg for stikkande tungeog fryktar ikkje komande ulukke.

22. Du ler av ulukke og hungersnaudog fryktar ikkje dyra på jorda.

23. For du har ei pakt med steinane på marka.Villdyra held fred med deg.

24. Du får oppleva fred i telta dine,når du går over eigedomen, manglar du ingen ting.

25. Du får oppleva at ætta veks,etterkomarane dine blir som gras på jorda.

26. Du går i grav i mogen alderslik kornband blir samla i rett tid.

Job 5