Job 5:1-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Rop berre! Er det nokon som svarar?Kven av dei heilage vender du deg til?

2. Uro tek livet av den dumme,sinne drep den godtruande.

3. Eg såg den dumme slå rot,men brått måtte eg forbanna bustaden hans.

4. Borna hans var verjelause,knuste i porten, og ingen hjelpte dei.

5. Dei svoltne åt opp avlinga hans,tok henne, endåtil mellom tornar;og dei tørste greip etter godset hans.

6. For ulukke skyt ikkje opp av støvet,og liding gror ikkje opp av jorda.

7. Men mennesket er fødd til liding,gneistar som flyg høgt i vêret.

8. Sjølv ville eg heller ha vendt meg til Gud,ja, til han ville eg ha overgjeve mi sak,

9. han som gjer storverk ingen kan granska,og under ingen kan telja.

10. Han gjev regn over jorda,sender vatn ut over åker og eng.

11. Han reiser dei nedbøygde opp,reddar og tryggjar dei sørgjande.

12. Han knuser planane til dei listige,deira verk lukkast ikkje.

13. Han fangar dei vise i deira list,snedige planar er forhasta.

Job 5