Job 40:15-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Fjella gjev henne føde,alle villdyra leikar der.

16. Ho kviler under lotusplanter,i ly av siv og sump.

17. Lotusen gjev skugge,piletrea ved elva omgjev henne.

18. Om elva fossar, er ho like roleg,trygg sjølv når Jordan brusar mot gapet hennar.

19. Kven torer openlyst angripa henneog dra ei snor gjennom nasen?

20. Kan du dra Leviatan opp med krokog halda tunga hans nede med band?

21. Kan du setja sivreip i nasen på hanog stikka ein krok gjennom kjevane?

22. Vil han då trygla deg om nådeeller tala blidt til deg?

23. Gjer han pakt med degså du kan ta han som slave for alltid?

24. Kan du leika med han som med ein fugl,leia han i band til småjentene dine?

25. Kjøpslår handelsmenn om han,stykkjar dei han ut mellom kjøpmenn?

Job 40