Job 39:30-38 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

30. Er det på ditt ord at ørna stigog byggjer reir så høgt oppe?

31. Ho held til mellom berga,bak festningar av kvasse tindar.

32. Der speidar ho etter mat,auga skodar vidt ikring.

33. Ungane hennar slurpar i seg blod,der det finst åtsel, er ho på plass.

34. Herren svara Job og sa:

35. «Ønskjer klagaren å føra sak mot Den veldige?Den som klagar Gud, må svara!»

36. Då svara Job Herren og sa:

37. «Eg er så liten, kva kunne eg svara deg?Eg legg handa over munnen.

38. Ein gong har eg tala og tek ikkje meir til ords,to gonger, men no seier eg ikkje meir.»

Job 39