Job 38:9-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. då eg kledde havet med skyerog sveipte det i skodde,

10. då eg sette grense for det,stengde med slå for porten?

11. Eg sa: «Hit kjem du, men ikkje lenger.Her skal dei stolte bølgjene dine brytast.»

12. Har du nokon gong kalla morgonen frameller vist morgonròden staden hans

13. så han kan ta tak i endane av jordaog rista dei lovlause bort?

14. Då blir jorda omforma som leire under eit stempel,alt står fram som i ny drakt.

15. Dei urettferdige mistar det lyset dei hadde.Armen dei lyfte, blir knust.

16. Har du nådd fram til havsens kjelder?Har du gått rundt på botnen av urdjupet?

17. Har dødens portar synt seg for deg,har du sett dødsskuggens dører?

18. Forstår du viddene på jorda?Sei frå om du kjenner alt dette.

19. Kvar går vegen til bustaden for lyset,og kvar held mørkret til?

20. Du kan føra mørkret til landet der det bur,om du kjenner stigane dit!

21. Du veit det, for du var vel fødd den gongen!Ja, dine dagars tal er stort.

Job 38