Job 38:5-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Kven har fastsett hennar mål– det veit du vel?Kven drog målesnora over henne?

6. Kvar vart pilarane under jorda slegne ned,og kven la hjørnesteinen

7. medan alle morgonstjerner jublaog alle gudesøner ropa av fryd?

8. Kven stengde for havet med portardå det fossa fram frå morslivet,

9. då eg kledde havet med skyerog sveipte det i skodde,

10. då eg sette grense for det,stengde med slå for porten?

11. Eg sa: «Hit kjem du, men ikkje lenger.Her skal dei stolte bølgjene dine brytast.»

12. Har du nokon gong kalla morgonen frameller vist morgonròden staden hans

13. så han kan ta tak i endane av jordaog rista dei lovlause bort?

14. Då blir jorda omforma som leire under eit stempel,alt står fram som i ny drakt.

15. Dei urettferdige mistar det lyset dei hadde.Armen dei lyfte, blir knust.

16. Har du nådd fram til havsens kjelder?Har du gått rundt på botnen av urdjupet?

Job 38