25. Kven laga laup for styrtregnet,veg for tore og brak,
26. så det regna over land der ingen bur,i ørkenen der det ikkje er menneske?
27. Regnet metta det aude landetså graset grodde grønt.
28. Har regnet ein far?Kven har avla doggdropane?
29. Kva for eit morsliv kjem isen frå?Kven har fødd rimet som fell frå himmelen?
30. Vatnet kler seg ut som stein,overflata av djupet blir dekt av is.
31. Kan du knyta Sjustjerne-bandeteller løysa Orions lenkjer?
32. Fører du stjernebileta fram i rett tid,leier du Store bjørn og dei små bjørnane?
33. Kjenner du himmelens lover?Styrer du stjernehimmelens makt over jorda?
34. Kan du lyfta røysta di til skyeneslik at vatnet fløymer ned over deg?
35. Kan du senda ut lyn så dei fer av stadog seier til deg: «Her er vi»?
36. Kven gjev visdom til ibisfuglenog forstand til hanen?
37. Kven er så vis at han kan telja skyene?Kven heller vatn or himmelkrukkene