17. Har dødens portar synt seg for deg,har du sett dødsskuggens dører?
18. Forstår du viddene på jorda?Sei frå om du kjenner alt dette.
19. Kvar går vegen til bustaden for lyset,og kvar held mørkret til?
20. Du kan føra mørkret til landet der det bur,om du kjenner stigane dit!
21. Du veit det, for du var vel fødd den gongen!Ja, dine dagars tal er stort.
22. Har du nådd fram dit snøen har sitt kammer,og sett lageret med hagl
23. som eg sparer til trengselstider,til dagen med kamp og krig?
24. Kvar går vegen dit lyset deler segog austavinden blæs ut over jorda?
25. Kven laga laup for styrtregnet,veg for tore og brak,
26. så det regna over land der ingen bur,i ørkenen der det ikkje er menneske?
27. Regnet metta det aude landetså graset grodde grønt.
28. Har regnet ein far?Kven har avla doggdropane?
29. Kva for eit morsliv kjem isen frå?Kven har fødd rimet som fell frå himmelen?
30. Vatnet kler seg ut som stein,overflata av djupet blir dekt av is.
31. Kan du knyta Sjustjerne-bandeteller løysa Orions lenkjer?
32. Fører du stjernebileta fram i rett tid,leier du Store bjørn og dei små bjørnane?
33. Kjenner du himmelens lover?Styrer du stjernehimmelens makt over jorda?
34. Kan du lyfta røysta di til skyeneslik at vatnet fløymer ned over deg?