Job 38:1-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då svara Herren Job ut av stormen og sa:

2. Kven er dette som formørkjer min planmed uforstandige ord?

3. Spenn beltet om livet som ein mann,så vil eg spørja deg, og du skal svara:

4. Kvar var du då eg grunnla jorda?Fortel det, om du veit det!

5. Kven har fastsett hennar mål– det veit du vel?Kven drog målesnora over henne?

6. Kvar vart pilarane under jorda slegne ned,og kven la hjørnesteinen

7. medan alle morgonstjerner jublaog alle gudesøner ropa av fryd?

8. Kven stengde for havet med portardå det fossa fram frå morslivet,

9. då eg kledde havet med skyerog sveipte det i skodde,

10. då eg sette grense for det,stengde med slå for porten?

11. Eg sa: «Hit kjem du, men ikkje lenger.Her skal dei stolte bølgjene dine brytast.»

12. Har du nokon gong kalla morgonen frameller vist morgonròden staden hans

Job 38