Job 37:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ja, dette får hjartet til å skjelva,til å hoppa i brystet mitt.

2. Lytt til braket av røysta hans,høyr korleis det drønnar frå munnen hans!

3. Han lèt lyn fara rundt heile himmelen,sender dei til heimsens endar.

4. Etterpå rullar tora,det er den mektige røysta hans som rungar.Han held ikkje lyna attnår røysta hans høyrest.

5. Gud gjer under med si torerøyst,gjer storverk vi ikkje fattar.

Job 37