Job 35:2-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Tenkjer du at dette er rett,seier du at du er meir rettferdig enn Gud,

3. sidan du spør: «Kva gagnar det meg,kva hjelper det at eg lèt vera å synda?»

4. Eg skal svara deg og venene dine:

5. Lyft blikket mot himmelen og sjå,legg merke til kor høgt skyene er over deg!

6. Kva gjer det vel Gud om du syndar?Alle dine brot, kva har dei å seia for han?

7. Og er du rettferdig, kva gjev du då han,kva kan han ta imot frå di hand?

Job 35