1. Desse tre mennene heldt opp med å svara Job fordi han såg seg sjølv som rettferdig.
2. Elihu, son til Barakel frå Bus, av Ram-slekta, vart då fylt av harme. Vreiden hans flamma opp mot Job, som meinte seg å vera meir rettferdig enn Gud.
3. Også på dei tre venene var han sint fordi dei ikkje tok til motmæle, endå dei meinte at Job var skuldig.
4. Elihu hadde venta med å tala til Job fordi dei andre var eldre enn han.
5. Men då Elihu såg at det ikkje fanst svar i munnen til dei tre mennene, vart han brennande harm.
6. Difor tok Elihu, son til Barakel frå Bus, til ords og sa:Eg er ung av år, og de er gamle.Difor var eg redd,våga ikkje å seia mi meining til dykk.
7. Eg tenkte: «Lat alderen tala,lat dei mange år bera fram visdom!»