Job 31:7-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Om stega mine bøygde av frå vegen,om hjartet følgde der auga flyg,om hendene vart ureine,

8. så lat andre få eta det eg har sådd,lat spirene mine bli rykte opp med rota.

9. Om hjartet lét seg lokka av noka kvinneog eg låg på lur ved døra til min neste,

10. så kan kona mi mala korn for ein annanog andre få bøya seg ned over henne!

11. For det ville vera vondskap,ein urett som fortener straff,

12. ein eld som et seg ned til avgrunnen,utryddar alt som veks etter meg.

13. Krenkte eg retten når eg hadde sakmed slaven eller slavekvinna mi,

14. kva skulle eg då gjera når Gud reiste seg?Når han forhøyrde meg, kva skulle eg svara?

15. Han som laga meg i mors liv,har òg laga den andre.Den same danna oss i morslivet.

16. Har eg nekta fattige det dei ønskte,sløkt gløden i auga til enkjer?

17. Åt eg alt brødet sjølvså ikkje farlause fekk mat?

18. Nei, frå eg var ung, har eg vore som ein far for dei,frå første stund tok eg meg av enkjer.

19. Kunne eg sjå folk bukka under fordi dei ikkje hadde klede,at den fattige mangla noko å kle seg med?

20. Velsigna han meg ikkjefor varm ull frå lamma mine?

21. Har eg lyft handa mot ein farlausnår eg såg at eg fekk medhald i retten?

22. Då vil skuldra losna frå nakkenog armen gå ut or ledd.

23. For Guds ulukker skremmer meg,eg kan ikkje stå meg imot hans velde.

Job 31