1. Eg gjorde ein avtale med auga mineat eg ikkje skulle sjå på noka jente.
2. Kva del fekk eg elles av Gud i himmelen,kva arv frå Den veldige i det høge?
3. Kjem ikkje uhell til den som gjer urett,rammar ikkje ulukke den som gjer vondt?
4. Ser ikkje han min veg,tel han ikkje kvart steg?
5. Har eg ferdast i løgn?Har føtene hasta til svik?
6. Lat Gud vega meg på rettferds vekt,så vil han forstå at eg er uskuldig.
7. Om stega mine bøygde av frå vegen,om hjartet følgde der auga flyg,om hendene vart ureine,
8. så lat andre få eta det eg har sådd,lat spirene mine bli rykte opp med rota.
9. Om hjartet lét seg lokka av noka kvinneog eg låg på lur ved døra til min neste,
10. så kan kona mi mala korn for ein annanog andre få bøya seg ned over henne!
11. For det ville vera vondskap,ein urett som fortener straff,
12. ein eld som et seg ned til avgrunnen,utryddar alt som veks etter meg.
13. Krenkte eg retten når eg hadde sakmed slaven eller slavekvinna mi,
14. kva skulle eg då gjera når Gud reiste seg?Når han forhøyrde meg, kva skulle eg svara?
15. Han som laga meg i mors liv,har òg laga den andre.Den same danna oss i morslivet.
16. Har eg nekta fattige det dei ønskte,sløkt gløden i auga til enkjer?
17. Åt eg alt brødet sjølvså ikkje farlause fekk mat?
18. Nei, frå eg var ung, har eg vore som ein far for dei,frå første stund tok eg meg av enkjer.
19. Kunne eg sjå folk bukka under fordi dei ikkje hadde klede,at den fattige mangla noko å kle seg med?