2. Jern blir henta ut or jorda,og kopar blir smelta ut av stein.
3. Dei gjer ende på mørkret,i fjerne krokar finn deistein løynd i svarte mørkret.
4. Dei bryt sjakter langt frå der menneske bur.På gløymde stader, der ingen fot trødde,heng dei og dinglar, langt frå folk.
5. Jorda ber fram føde,men i djupet blir ho elta rundt med eld.
6. I steinane der nede er safir,der finst det gullstøv òg.
7. Ingen rovfugl kjenner stigen dit,den har ikkje noko falkeauge sett.
8. Der trør ikkje stolte rovdyr,inga løve går på stigen.