18. Korall og bergkrystall kan ikkje eingong nemnast;å eiga visdom er betre enn perler.
19. Han kan ikkje målast i topas frå Kusj,ikkje betalast med det reinaste gull.
20. Kvar kjem då visdomen frå?Kvar har forstanden sin bustad?
21. Visdomen er løynd for kvart levande auge,gøymd for fuglane under himmelen.
22. Avgrunnen og døden seier:«Vi har berre høyrt om han.»
23. Gud kjenner vegen til visdomen.Han veit kvar han har sin bustad.
24. Han skodar til heimsens endar,alt under himmelen kan han sjå.
25. Då han gav vinden vektog lét vatnet få rette mål,
26. då han sette ei grense for regnetog fastla vegar for lyn og tore,
27. då såg han visdomen og målte han,stilte han opp og granska han.
28. Så sa han til mennesket:Å frykta Herren, det er visdom,å venda seg bort frå det vonde, det er forstand.