Job 27:15-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Dei som overlever, går i død og grav,og inga enkje held sørgjehøgtid.

16. Han haugar opp sølv som støvog samlar seg klede som leire;

17. han samlar, men rettferdige kler seg,uskuldige deler sølvet.

18. Det huset han byggjer, er som ein møll,som lauvhytta vaktmannen lagar.

19. Han legg seg rik, men det varer ikkje:Han slår auga opp, og alt er borte.

20. Redsler når han att som ein vassflaum,om natta fører stormen han vekk.

Job 27