Job 23:10-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Men han kjenner den vegen eg følgde.Prøver han meg, kjem eg ut som gull.

11. Føtene mine gjekk i hans spor,eg følgde hans veg og veik ikkje av.

12. Eg braut ikkje boda frå leppene hans,orda frå hans munn gøymde eg i mitt indre.

13. Han er den einaste; kven kan hindra han?Det han har lyst til, det gjer han.

14. Han fullfører det han har fastsett for meg,og meir av same slag har han i tankar.

15. Difor er eg redd for å møta han.Eg tenkjer etter og blir slegen av skrekk.

16. Gud gjer meg motlaus,Den veldige skremmer meg.

17. Men eg teier ikkje i møte med mørkret,når bekmørkret dekkjer meg.

Job 23