Job 23:1-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då tok Job til ords og sa:

2. Framleis er klaga mi trassig,endå eg dempar mine stønn med hard hand.

3. Om eg berre kunne finna han,stiga inn i hans tronsal,

4. då ville eg leggja fram mi sak for han,fylla munnen med motbevis.

5. Då kunne eg få vita kva han ville svara,og forstå kva han vil seia meg.

6. Ville han bruka si store makt i saka mot meg?Å nei, han ville nok høyra på meg.

7. Så drøfte eg saka ærleg med han,og dommaren sette meg fri for alltid.

8. Går eg mot aust, er han ikkje der,går eg mot vest, merkar eg han ikkje.

9. Arbeider han i nord, veit eg det ikkje.Og snur han mot sør, ser eg det ikkje.

10. Men han kjenner den vegen eg følgde.Prøver han meg, kjem eg ut som gull.

11. Føtene mine gjekk i hans spor,eg følgde hans veg og veik ikkje av.

12. Eg braut ikkje boda frå leppene hans,orda frå hans munn gøymde eg i mitt indre.

Job 23