Job 22:2-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Kan vel ein mann hjelpa Gud?Nei, den kloke hjelper berre seg sjølv.

3. Har Den veldige glede av di rettferd?Tener han på at du er heil i di ferd?

4. Er det for gudsfrykta di han klagar degog stemner deg for retten?

5. Er ikkje vondskapen din storog skulda utan ende?

6. Du tok pant frå brørne dine utan grunn,drog av dei siste plagga deira.

7. Den utmatta nekta du vatn,du heldt brød tilbake frå den svoltne.

8. Den sterke eigde landet,den fornemme fekk bu der.

9. Enkjer sende du tomhendte bort,du knuste styrken til dei farlause.

10. Difor er snarer sette omkring deg,brå redsle grip deg.

11. Eller ser du ikkje mørkret,vassflaumen som kjem over deg?

12. Er ikkje Gud høgt i himmelen?Sjå dei øvste stjernene, kor langt oppe dei er!

Job 22