Job 22:10-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Difor er snarer sette omkring deg,brå redsle grip deg.

11. Eller ser du ikkje mørkret,vassflaumen som kjem over deg?

12. Er ikkje Gud høgt i himmelen?Sjå dei øvste stjernene, kor langt oppe dei er!

13. Du seier: «Kva veit vel Gud?Kan han dømma gjennom tett skodde?

14. Skyer dekkjer så han ikkje serder han vandrar over himmelbogen.»

15. Vil du følgja den gamle stigensom ugjerningsmenn gjekk,

16. dei som vart rivne for tidleg bortdå flaumen skylde vekk grunnvollen deira?

17. Dei hadde sagt til Gud: «Gå frå oss!Kva gjer vel Den veldige for oss?»

18. Men han hadde fylt husa deira med alt godt.Lat planane til urettferdige vera langt frå meg!

19. Dei rettferdige såg det og jubla,dei uskuldige spotta:

20. «Der forsvinn motstandarane våre,og elden fortærer restane.»

21. Forlik deg med han og slutt fred,så får du alt godt tilbake.

22. Ta imot rettleiing frå hans munn,legg deg talen hans på hjartet.

23. Vend attende til Den veldige,så får du oppreising.Hald urett borte frå teltet ditt!

24. Kast gullet ditt i støvet,Ofir-gullet mellom steinar i bekken,

25. så skal Den veldige vera gull for deg,ja, det finaste sølv.

Job 22