1. Då tok Elifas frå Teman til ords og sa:
2. Kan vel ein mann hjelpa Gud?Nei, den kloke hjelper berre seg sjølv.
3. Har Den veldige glede av di rettferd?Tener han på at du er heil i di ferd?
4. Er det for gudsfrykta di han klagar degog stemner deg for retten?
5. Er ikkje vondskapen din storog skulda utan ende?
6. Du tok pant frå brørne dine utan grunn,drog av dei siste plagga deira.
7. Den utmatta nekta du vatn,du heldt brød tilbake frå den svoltne.