16. Ropar eg på tenaren, svarar han ikkje;eg må be han audmjukt om hjelp.
17. Anden min er ekkel for kona mi,eg vekkjer avsky hos min eigne born.
18. Sjølv gutungar foraktar meg.Når eg reiser meg, talar dei mot meg.
19. Dei fortrulege venene viser no avsky,dei eg elskar, vender seg mot meg.
20. Eg er ikkje anna enn skinn og bein,tannlaus må eg berga meg.
21. Spar meg, ja, spar meg, vener!For Guds hand har rørt ved meg.
22. Kvifor jagar de meg slik også Gud gjer?Blir de aldri mette av mitt kjøt?
23. Om berre mine ord vart skrivne ned,om dei vart innførte i ein bokrull,
24. forma med griffel av jern og med bly,rissa i stein for alltid!
25. Eg veit at min utløysar lever.Som den siste skal han stå fram i støvet.
26. Når huda er riven av meg og kjøtet er borte,skal eg sjå Gud.