Job 18:8-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Føtene hans går i garnet,han blir fanga i nettet.

9. Ei snare sit rundt hælen,ei lykkje held han fast.

10. Eit reip ligg gøymt på jorda,ei felle på hans stig.

11. Redslene omringar han,dei jagar i hælane på han.

12. Ulukke hungrar etter han.Undergang ventar på hans fall.

13. Sjukdom fortærer huda hans.Dødens førstefødde et han opp.

14. Han blir riven bort frå sitt trygge teltog ført til redslekongen.

15. Redsla slår seg ned i teltet han forlét.Svovel regnar over buplassen hans.

16. Nede tørkar røtene hans,oppe visnar greinene.

17. Minnet om han blir borte frå landet,han har ikkje meir eit namn der ute.

18. Han blir driven frå lyset til mørkret,blir jaga frå verda.

19. Born har han ikkje,ingen etterkomar i folket,ingen overlevande der han budde.

Job 18